Åmli sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Kyrkjene

Elektronisk melding

Vi tek i bruk elektronisk melding til dåp, vigsel og konfirmasjon.
Ved å nytte denne vil du kunne sjå dei sundagane det er dåp og sjølv registrere dei aktuelle opplysningane.  Du vil så bli kontakta av kyrkjekontoret. Ved ønske om vigsel kan du legge inn ønsket dato og kyrkje.
Konfirmasjonspåmelding vil vere tilgjengeleg i annonserte periodar.

Åmli kyrkje innvendig

Interiøret i Åmli kyrkje

Åmli kyrkje er lys og fin innvendig, med mange fine detaljer.
Alteret er kledd med raud fløyel til minne om Jesu blod som rann for vår skuld.
Den kvite duken symboliserar kor reine vi alle er når synda vert tilgjeven for vår skuld. Ljos på alteret symboliserar at Gud er verdas ljos, og blomane skal vise vår takksemd til Gud for alt Han gav oss i skaparverket.
3–arma ljosestake, symbol på treeininga; Faderen, Sonen og Den heilage ande.
Kalken som er frå byrjinga av 1700–talet, har inskripsjonen K.E.J.N.R.J. som tyder:
KYRIE ELEISON JESUS NAZARENUS REX JUDAEORUM –som vert oversett med: Herre miskunne meg, Jesus frå Nazaret, konge over jødane.

??mli kyrkje innvendig ??? Altertavle bilde

Altertavla er måla av P.Peterson i 1840–åra, og er ei gåve frå Jacob Aall. Den vart flytta frå den gamle kyrkja, og seinare redda ut frå brannen i 1907.
Motivet er kvinnene som kom for å salve Jesus påskemorgon, og fann grava tom. Engelens bodskap "Han er oppstanden" er måla nedst på tavla.
Rundt altertavla er der skåren ut liljer som symbol på reinleik, og på toppen er der samla 3 liljer, igjen eit symbol på treeininga.

??mli kyrkje innvendig ??? D??pefont

Døypefonten, som er i kleberstein, er ei gåve frå Eidsvoll–mannen Nicolai Aall. Den er 8–kanta til minne om dei 8 som kom velberga gjennom syndefloden. Peter seier: "Dåpen er som ein Noas Ark i den nye pakta, den berga oss frå undergang". Messingfatet er frå 1600–talet.

??mli kyrkje innvendig ??? Evighetshjul
Utsmykkinga i taket viser Ævehjulet, med ranker av grøne blad. Livets tre – vintreet som er eit bilde på kyrkjelyden, der vi alle høyar til.

??mli kyrkje innvendig ??? Utgang og galleri
Straumen vart lagt inn i 1956, og ljosekronene er ei gåve frå Bondekvinnelaget.

Kyrkja vart pussa opp i 1959 til 50–års jubileet. Det gjekk med 200 kilo kitt for å tette sprekkar. Og det var berre inne i kyrkja!

KALENDER

onsdag 24 april
ÅPOS
Åmli kyrkje

Lenker

Kontaktinfo

Åmli sokn

4865 ÅMLI
Tlf.   90 71 73 40
Mob: 94 16 30 84 (kirkeverge)

amli.kyrkje@amli.kommune.no

LITT AV KVART

Her finn du oss:

Åmli kyrkjelege fellesråd

Gjøvdal kyrkje

Tovdal kyrkje

Åmli kyrkje

http://www.amli.kirken.no/img/./sos-krisetelefon-stor.png

 


 

http://www.amli.kirken.no/img/./VideoFraOven.PNG

Åmli kyrkje frå ein ny vinkel!

Sjå video laga av Svein Mortensen

 


http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/Daapsklubben_TrippTrapp_logo.jpg

http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/IKO-logo.jpg