Åmli sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Elektronisk melding

Vi tek i bruk elektronisk melding til dåp, vigsel og konfirmasjon.
Ved å nytte denne vil du kunne sjå dei sundagane det er dåp og sjølv registrere dei aktuelle opplysningane.  Du vil så bli kontakta av kyrkjekontoret. Ved ønske om vigsel kan du legge inn ønsket dato og kyrkje.
Konfirmasjonspåmelding vil vere tilgjengeleg i annonserte periodar.

Blad nr 1 2006

 

     Nr. 1

 

                    

     Påske  2006

 

 

  

         54. årg.

 

Å salige stund uten like,

han lever, han lever ennu!

Han vandrer i seierens rike,

min sjel, hvorfor sørger da du?

Han er ikke lenger i graven

der bleknet i døden han lå;

/:jeg levende så han i haven,

og aldri så skjønn eg ham så.:/



Å salige stund uten like,

han lever, han lever ennu!

Han vandrer i seierens rike,

Min sjel hvorfor sørger da du?

Du søkte din trøst i den døde,

og dvelte ved gravnatten kun;

/:så fikk du den levende møte,

Å salige, salige stund!:/



Han lever, og jeg skal få bringe

Hans venner det salige ord–

tenk, eg som er ringest blant ringe, 

den minste han kjenner på jord.

Tenk eg skal hans hilsen frembære,

å, kunne jeg synge det ut!

/:Mer kunne ei engler begjære

enn gå med så salig et bud:/



FRÅ KYRKJEBAKKEN (Eit lite blikk frå det "høge")

Kyrkja vår ligg høgt og fritt i bygda, men ho er likevel ikkje så synleg som ein skulle ynskje. Det har vekse opp store tre gjennom åra, og dei nye husværa til folk ligg måteleg langt frå kyrkja. Til og med frå prestegarden er det smått med utsyn når blada kjem på trea.

Ute av auge – ute av sinn er det noko som heiter.  Det er vel ikkje så gale å nytte dette ordet om den plassen kyrkja i Noreg har i våre dagar. Vi veit ho er der, og ved fleire høve gjennom året samlast dei fleste av oss til gudsteneste, dåp, bryllaup eller gravferd. Enno ber vi dei store hengingane livet vårt, anten det er i sorg eller glede, til det heilage huset. Men når ein følgjer samfunnsdebatten, lyder på radio eller les aviser, kan det sjå ut som om kyrkje og kristendom er heil fråverande. Ja, eg tenkjer ikkje på den endelause debatten om kyrkja sitt syn på homofili, eller ståket om kven som skal bli biskop her eller der, eller om Statskyrkja skal døy eller leve. Det såkalla "mediesamfunnet" trekkjer fram det som kan selje. Eg tenkjer på den vanlege kristendomen, den som fyller kvardagen og gjev retning og mål for livet: Kva er det viktigaste for meg? Korleis skal eg leve rett? Kva bruker eg tida mi til, eller kva vil Gud at eg skal bruke livet mitt til? Kva tenkjer eg om livet og døden, skal eg eingong møte Gud i æva? Ein som er opptatt av desse spørsmåla vil på mange vis bli prega av dei svara han eller ho finn, og samfunnet kringom den som balar med "dei evige spørsmåla" blir og prega av det, trur eg. 

Det kan godt vere samfunnet er tent med å ha tydelege grenser mellom det offentlege livet og religionen. Fleire land med gamal kristen kultur har gode tradisjonar og røynsler når det gjeld det, men dei er ikkje utan levande kyrkjer og kristne markeringar. Eg tenkjer til dømes på dei religiøse påskespela i Europa. Heile byar og regionar blir prega av førebuingar og gjennomføring av spela og opptoga,  og det kjem titusenar av menneske for å sjå.  Alt anna må vike desse dagane, ein kan undre seg over at folk godtar det. (Det er jo og som kjent mykje pengar å tene for mange under slike folkestimlingar....) Mange tenkjer nok heller ikkje så mykje på dei "evige spørsmåla" i alt ståket og moroa, men noko ligg det under av tru og respekt for det heilage. No står igjen påska før døra på våre heimlege traktar. Vi kan ikkje trylle fram gamle tradisjonar som aldri har vore her, men vi kan spørje om vi er tent med ei påske som blir meir og meir reinsa for kristeleg innhald, i skule og samfunn. Det er ei lageleg tid og eit godt høve for fridagar og mosjon, men berre det? Finst det verkeleg ein samanhang mellom tru og religion på den eine sida og det daglege livet og samfunnet på den andre sida? Kan det gode livet som vi alle søkjer, levast utan tru, utan livssyn og utan eit religiøst innhald? I landet vårt er det nokon som er særs ivrige etter å svare ja på det, og det pregar politikk, media, skule og samfunnsinstitusjonar. Sjølv er eg ikkje så trygg på dei vegane som det "nye" og "frittenkjande" norske samfunnet vel å følgje, eg saknar "vegmerke" og fleire spørsmål  kring kva vi har reist ifrå og kor kursen går vidare. Kyrkja kan ikkje lenger, og skal heller ikkje,  tre svara sine ned over hovudet på folk, men ho er enno ein viktig samtalepartnar og leverandør av tru og religion i folket vårt. Ein gong låg ho høgt og fritt og synleg for alle, korleis blir det i åra som kjem?

                                                                                                                     Steinar prest






ÅRSMELDING ÅMLI SOKNERÅD

 




I år 2005 har soknerådet hatt 6 møte og handsama 27 saker, samt  saker under eventuelt. Det har vore lagt ned mykje arbeid rundt soknerådsval  og bispevisitas dette året.

 

Soknerådsvalet: Soknerådsvalet vart i år gjennomført i samband med stortingsvalet. Det vart oppretta lokale for røysting både i Åmli, Nelaug, Dølemo og Tovdal. Mange brukte røysteretten, og heile  14%

av dei røysteføre deltok i valet i Åmli sokn. I Åmli sokn vart det i 2005 avgitt 154 godkjente stemmer mot 54 i 2001 og 35 i 1997. Det gjekk rimeleg greitt å få folk til å stille på lista.

 

Bispevisitasen 23. – 27. november 2005: Det vart lagt opp til eit variert program for å gi biskopen eit godt innblikk i kristenliv og samfunnsliv i bygda. Onsdag starta det med ein arbeidslunch med visitaskomiteen, bedriftsbesøk på Multicom, gardsbesøk på Epletveit, og middag v/Gjøvdal sokneråd på Valhall. Dagen vart avslutta med kulturarrangement i Gjøvdal kyrkje.

Torsdag var det samtale med kyrkjeleg tilsette, besøk på Åmli vidaregåande skule, Åmli skule, Åmli pleie– og  omsorgssenter, Dølemoklubben  og middag i Åmli prestegard. Dagen vart avslutta med samling av frivillige organisasjonar på Åmli bedehus, der temaet var kristent arbeid i Åmli nå og i framtida.

Fredag var det medarbeidarsamtale, møte med formannskapet, lunch med kommunen, møte med fellesrådet, bedriftsbesøk hos Børuf Ramse og Gunnar Hillestad, middag  på Hillestadgalleriet, og samlingar for det gamle og det nye soknerådet både før og etter  kveldsandakt/bøn i Tovdal kyrkje.

Sundagvar det visitasgudsteneste i  Åmli kyrkje, med kyrkjekaffi på Åmli bedehus etter visitasforedraget. Båe stader møtte det fram mykje

folk. I visitasforedraget  takkar biskopen for ein interessant og god visitas, der det vart drøfta viktige saker for kyrkjelyd og kommune. I tillegg til kyrkjelydsarbeidet, fekk visitasen god kontakt med skule, kommuneleiing og næringsliv. Biskopen sporar ein optimisme i bygda som kyrkja ynskjer å stø opp under.

 

Samanfatning av utfordringar som kyrkjearbeidet i Åmli står framføre, slik biskopen ser det:

1.        Arbeide vidare på å utvikle gudstenestelivet, i det de nyttar eigne gode

krefter og knyttar dykk til det fornyingsarbeidet som bispedømet har
skipa til.                                   

2          Bygge vidare ut tilhøvet til kommunen, m.a. gjennom det fellesmøtet mellom formannskap og fellesråd som kommunen har invitert til.

3          Utnytt vidare den gode relasjonen til skulen, og lag gjerne ein sameina plan for skule/kyrkje – samarbeidet, slik at ingen er i tvil om dei moment det skal innehalde.

4          Ver takksame for og bygg vidare ut det fine barnearbeidet, ved å søkje kontakt med stadig nye foreldre, og gi dei gode tilbod tilpassa ulike alderssteg; kan hende det også kan bli ei gruppe for babytrall for dei minste?

5          Personar som er nær ansvaret, bør kome saman for å drøfte måtar å fornye arbeidet blant dei unge på.

6          Med tanke på å utvikle kulturkyrkja i Åmli og møte framtidig hyttebygging, er det nyttig å tenkje gjennom bruken av den vakre Tovdalskyrkja. Den fortener å få vere i funksjon!

7          Drøft  med andre kyrkjelydar om det er ein veg fram for tanken om ei stilling for prostidiakon i Aust–Nedenes.

 

Viktige hendingar i år 2005: 

 

Bibeldagen  er komen for å bli. I år hadde vi besøk av Dag Kjær Smemo og Konstanse Raen i Åmli kyrkje 16.01.05 . Fellesmusikken deltok.  52 hadde funne vegen til kyrkja. Det kom inn kr 4395 på fellesmøtet i år.

 

Konfirmasjonen samla 340 i kyrkja. 16 vart konfirmert. Konfirmantane  deltok og i år i  den store innsamlinga til Kirkens Nødhjelp før påske 2005. Det kom inn kr 23200 i innsamlingsaksjonen. 

 

Kyrkjeoffer: Det kom samla inn på Mosberg, og i  Tovdal og Åmli kyrkje: kr 78819 i kyrkjeoffer i år 2005.

 

Minnegudstenesta  vart i år som i fjor lagt til helgemessesundag





Gudstenesta på den gamle kyrkjetomta samla mykje folk. Det vart  arrangert dåp på kyrkjetomta i år.

 

Joleftan var heile 270 til stades på gudstenesta. I år deltok eit nyoppretta prosjektkor.  Audbjørg og Ingeborg deltok med song. Det er høgtid å feire jol saman med så mange av Åmli sine innbyggjarar i alle aldrar.

 

18. september vart årets konfirmantar presentert saman med 50 og 51 års jubilantane som hadde gild samling med middag på Åmfoss kafeteria etter gudstenesta.

 

Konsertar /sangkveldar:  19.06.05  var det  Aftensang med kristen country der dei fleste utøvarane var frå Åmli teaterlag. Heile 320 personar fylte Åmli kyrkje denne kvelden.

15.10.05 gjennomførte Sigvald Tveit og Olav Mostøl  konsert saman med prosjektkor, vokale solistar og instrumentale medhjelparar frå Åmli. Rundt 70 møtte fram til konserten i  Åmli kyrkje denne kvelden.

Tenn eit lys  ved Simonstad sangkor 16.11.05 var ei fin oppleving med 66 frammøtte i Åmli kyrkje.

 

Kommentar:

Åmli kyrkje har hatt allsidige musikktilbod med god variasjon også i år.

 

Takka vere god og klar forkynning  har dei vanlege gudstenestene, som er ein berebjelke i kyrkjelydsarbeidet, gitt god næring til kristenlivet også i dette året..

 

Vi  er takksame for at Åmli og Tovdal kyrkje står så sentralt hjå Åmlifolk i  gode og vonde dagar.

 

Vi er glade for framdrift i sundagsskule, barne – og ungdomsarbeidet. Diakonalt arbeid er og høgt prioritert i soknerådet. 

 

Så vil vi be og arbeide for at verksemda som spring ut frå Åmli og Tovdal kyrkje må vere til velsigning og oppbygging for alle innbyggjarane i Åmli sokn.

 

Åmli 14. februar 2006

 

Tarjei Johansen









Årsmelding for Gjøvdal sokneråd 2005


 
 




I 2005 har vi hatt 6 soknerådsmøte, i tillegg har 2 frå soknerådet (Synnøve og
Christine) vore med i planlegginga av bispevisitasen i november

 

Skjærtorsdag var det andakt på Vindilhytta ved soknepresten.
2. påskedag deltok Simonstad Sangkor i gudstenesta, og mange var til stade.
Det var utdeling av 4–årsbok i juni med kyrkjekaffi på skulehuset etterpå.
I august var det fellesgudsteneste med Fyresdal i Birtedalen.

Hausttakkefesten hadde vi i september, der 4H som vanleg deltok, og bar inn
korger med frukt og   grønsaker. Etterpå hadde vi kyrkjekaffi på skulehuset med
utlodning av korgene. Pengane vart sendt til "Redd Barna".

I år var det val på nytt sokneråd, og dei fleste var viljuge til å stille på nytt. Vi
hadde valet på Valhall, på same dag som stortingsvalet, og det synte seg å vere
ein fordel. Valdeltakinga auka, 29 godkjende røyster (23%) mot 11 røyster i 2001
og 9 røyster i 1997.

Bispevisitasen var frå 23/11 – 27/11. 23/11 inviterte Gjøvdal sokneråd til middag
på Valhall for biskopen med følge, soknepresten med frue, prosten, kyrkjeverja,
kyrkjetenar i Gjøvdal og kyrkjegardsarbeidar. Etter middagen var det kulturkveld
i Gjøvdal kyrkje for alle. Temaet for kvelden var "Dersom desse veggane kunne
tale". Annlaug Askland las dikt av Arne Smeland. Trogfjellduren spela, Johanne
Flottorp spela på hardingfele, Odd Olsen og Salve Kallevig song. Oddbjørn Haugli
spela trekkspel og Liv Abrahamsen bassgitar. Soknepresten bandt det heile saman
med velvalde ord. Biskopen heldt ein kort helsingstale. Det var og arrangement i
Åmli og Tovdal, og om sundagen var det visitasgudsteneste i Åmli kyrkje.

– 4/12 var det ljosmesse, der Bjørnar Haugli som einaste konfirmant i 2006,
var med og tende ljos.

– Gudstenesta 1. joledag, kl. 13.00, hadde godt frammøte. Oddbjørn Haugli
spela på trekkspel og Salve Kallevig spela på mandolin og orgel. Song av
sokneprest og organist.



I 2005 var det 3 konfirmantar.
Vi har fått melding om ei testamentarisk gåve til kyrkja.

Ellinor Oland hadde gjort ferdig permen med bilete og omtale av inventaret
i kyrkja, og vi vil takke henne for dette viktige arbeidet.

Håper på litt høgare gudstenestedeltaking i 2006.
                                                                                               Synnøve Askland
                                                                                               leiar






Frå den Norske Kyrkja si Nemnd for gudstjenesteliv har vi fått dette brevet:

 

Ny salmebok– salmeforslag fra menighetene

 

Kirkerådet har vedtatt at den reformen av kirkens gudstjenesteliv som er i gang, også skal omfatte ny salmebok. Målsettingen er at nytt materiale skal kunne tas i bruk i 2010. Salmeboken skal komme med to bind samtidig: Et bind med kjernestoffet, det vi bærer med  oss av salmearven og som er velprøvet. Et bind med nytt materiale som fortjener å gis en sjanse. Meningen er at det siste bindet skal skiftes ut oftere enn det første.

Salmeutvalget i Nemnd for gudstjenesteliv vil gjerne invitere menighetene til å ta aktivt del i prosessen. Det kan skje ved å sende inn:

 

1. Forslag til nye salmer som bør vurderes til salmeboken. Salmene sendes på eget ark, som inneholder både tekst og melodi. Øverst på arket påføres salmens tittel (førstelinjen i teksten). Arket må også inneholde opplysninger om salmens opphav og om copyright.

Det forutsettes også en kort begrunnelse for forslaget.

 

2. Lister over hvilke salmer fra NORSK SALMEBOK og SALMER 1997 som absolutt bør være med videre. Gjerne også en markering av hvilke salmer som kan legges til side for å gi plass til noe annet. To filer med lister med alle salmene i de to bøkene vil bli lagt ut på gudstjenestereformens nettsider www.kirken.no/gudstjeneste. De kan lastes ned til utfylling med eller – og sendes som vedlegg til e–post til post.kirkeradet@kirken.no.

 

3. Salmesedler, som viser hvordan de to bøkene NORSK SALMEBOK og SALMER 1997 er brukt. Her er vi takknemlig for alt – enten i digital form eller papirform – som kan bidra til å kartlegge den faktiske bruk av salmene i de to bøkene i den perioden vi har hatt dem.

 

Har du framlegg eller meiningar, så send dette til:

Kyrkjekontoret, Boks 57, 4865 ÅMLI innan 15. mai.





NYE SPEL MED KONFIRMANTANE  

I år har konfirmantane starta våren med eit nytt spel til samtalegudstenesta i mai. I fjor kalla vi gudstenesta "Eit spel om livet", i år passar det kanskje betre med "Eit spel om Gud". Det høyrest vel noko svevande ut, men gudstenesta skal fortelje om nokon av dei spørsmåla vi har om Gud. Svara er ikkje like greie å gi, men noko kan vi finne når vi søkjer i  kyrkja og blant dei som fyller ho.

Vi drog på "arbeidsweekend" til Brustad Grendehus i Tovdal i starten av februar. Då hadde vi alt byrja med å diskutere og pønske ut kva vi skulle gjere frametter. Ungdomane blei delt i grupper, og så arbeidde nokon med drama, andre med pynting, idear til spelet vårt, kulissar og kostyme.  Alt treng både tid og "modning" når ein skal leggje fram kristne tankar på ein litt meir spennande måte.

På fredagskvelden hadde vi ein fin hyggjekveld med mykje moro, "Idol", leikar, sketsjar, song og snop/mat. Vi lo og klappa for kvarandre og var med på leikane med liv og lyst. Dei vaksne stod ikkje noko tilbake med omsyn til ståk og halloi. Mange kosa seg då pianokrakken utan varsel braut saman under Steinar, og han lo med då han forstod at alt var gått greitt med den noko baktunge lekamen hans.  Tarjei var med som leiar heile turen, Turid og Ellen var med som hjelparar og nattevaktar, og foreldra stilte opp med skyss og hjelp til kvelds og middag. Takk skal dykk ha, alle!


Diverre fekk organist Salve sjukdom i familien, så han kunne ikkje starte opp med songøving på Brustad, men no er vi godt i gang med synginga. Salve er saman med konfirmantane når vi førebur spelet vårt. Det er meir å gjere med ein slik gudsteneste enn ein kan tenkje seg, så vi stimar på når vi samlast på onsdagar. Å syngje Bob Dylan trestemmig er på kanten, men det skal gå, trur vi. Korleis skal ein syne at nokon spelar Fanden sjølv? Kulissegjengen har noko å tenkje på, og kva med den gamle vakre kyrkja vår, kan vi få ho litt meir spennande denne dagen?

 

Kvart konfirmantsamvær startar med ein kort andakt og tankar kring ei av perlene i "Kristuskransen" . Vi skal bruke perler i gudstenesta vår også, så kan foreldre og resten av kyrkjelyden sjå litt meir av kva vi meiner med denne kransen. I den katolske kyrkja har dei ein "rosenkrans" som skal hjelpe dei å be, og dette er noko av det same. Likevel har kransen vår fleire perler som handlar om oss sjølv, livet med kvarandre, og  perler som kan gje hjelp til å leve med det som er vondt og vanskeleg.




 

 


VENSKAP OVER GRENSER – "VENEFAMILIAR"

                                  

Denne våren er vi nokre vener som har starta eit lite eksperiment. Det handlar om venskap og sjansen til å bli kjent med menneske som vi ikkje kjenner så godt frå før. Vi som står bak dette eksperimentet er vanlege familiar som har lyst til å gjere noko saman med dei som nyleg er komen til bygda. Det kan vere tøft å kome ny til ein stad, og særleg dersom ein kjem frå land og tilhøve som er ganske ulike dei vi er vante med i Noreg. Men det er jo og mykje som vi har felles, og mykje som det kan vere både spanande og interessant å lære meir om. Vi veit ikkje så mye om korleis det heile vil ende opp etter kvart. I starten ønskjer vi at dei etablerte norske familiane ber heim til seg ein familie som ikkje er så etablert i Noreg. Det skal ikkje være selskap eller festar, men kaffi og prat på sein ettermiddag/ tidleg kveld. Vi skal ikkje vise kvarandre kor fine hus vi har eller kor gode vi er til å lage mat, men vi skal bli litt betre kjent med kvarandre og snakke om det som opptar oss. Vi kjem sannsynlegvis til å bli eit fleirkulturelt fellesskap, så samværsformene må vere slik at for eksempel både muslimar og kristne kan føle seg tryggje og velkomen. Her tenkjer vi oss at etter kvart som vi blir betre kjent, så vil det vise seg om vi trivst i selskap med kvarandre. Venskap veks oftast langsamt over lang tid, så vi må sjølv velje kor mykje eller kor lenge vi skal vere med i dette. Mange av oss er ikkje så aktive lenger til å finne nye vener, og vi held oss til dei etablerte "gamle" venene våre. Det er ikkje så dumt å tenke litt nytt og tru på at det finst venskap og hyggjeleg fellesskap også utanfor den nærmaste omgangskretsen vår.

Dersom dette er noko for deg og din familie, så ta kontakt med  Mette eller Steinar Nordlie på telefon eller på kyrkjekontoret eller på butikken. (Heimetelefon: 37081126 Mobiltelefon: 91624940)  Vi  vil prøve å "spleise" familiar som er interessert. Derfor er det viktig å ta kontakt, og så hjelper vi til med å kontakte familiar som kan møtast.

                                                                                               Helsing Mette og Steinar Nordlie

 


13.– dagsbasaren

 

Mange folk var samla på Elvarheim 6. januar til basar.

Takk til alle som kom og tok lodd. Takk til alle som gav gevinstar, og takk til Bjørg og Olav som hadde selt mange lodd på førehand.

Me takkar også sokneprest Steinar Nordlie som tala og Salve I. Eppeland som song.

Det kom inn i alt kr 21552,– på basaren. Me har til utdeling kr 28500 som vi deler slik:

Det Norske Misjonsselskap              kr 12000,–

Norsk kirke i utlandet                       kr   5000,–

Normisjon, ytre                                 kr   5000,–

Finnmarksarbeidet                            kr   3000,–

Åmli Bedehus                                   kr   3500,–

 

 

For Kyrkjebygda kvinneforening    K. G. R.



 


Basar på Flaten

 

Fredag 2/9–05 hadde Flaten Misjonskvinneforening basar på Flaten Grendehus. Det var andakt av sokneprest Steinar Nordlie, og Bente Åsheim spelte fele.

Netto basar kollekt på møta vart i år kr 29050,–, som er delt slik:

Det Norske Misjonselskap                  kr 8350,–

Guds Menighet                                   kr 8350,–

Wilborg Thøgersen, Filadelfia              kr 8350,–

Frelsesarmeen, Oslo                           kr 2000,–

Normisjon                                          kr 1500,–

Bibelselskapet                                     kr   500,–

 

Takk for all støtte på basaren.

                                                   Flaten Misjonskvinneforening   J. W.

 

 

                     SALMESTAFETTEN

 

 

I Østen stiger solen opp,

Den spreder gull på sky,

Går over hav og bergetopp,

Går over land og by.

 

Den hilser oss fra livets hjem,

Hvor størst Guds lys opprant

Med stjernen over Betlehem?

Som Østens vise fant.

 

Den kommer fra den fagre kyst

Hvor paradiset lå,

Den bringer lys og liv og lyst

Til store og til små

 

Og med Guds sol utgår fra øst

En himmelsk glans på jord,

Et glimt fra paradisets kyst

Hvor livets palme gror.

 

Du solers sol fra Betlehem,

Ha takk og lov og pris

For hvert et glimt fra lysets hjem

Og fra ditt paradis.

 

 

Da jeg vokste opp og gikk på skole i København omtrent i midten av forrige århundre, var det vanlig å starte skoledagen med en sang eller salme. En fin start på dagen, synes jeg, hver fugl sang med sitt nebb, og det ble naturlig å delta i fellessang uansett stemme. I voksen alder ser jeg, at en av gevinstene har vært, at jeg faktisk kan eller i det minste kjenner igjen, en god del salmer. En av de salmer som "alle" kunne, var nettopp "I Østen stiger solen opp", den ble sunget hver eneste fredag morgen, en fin tekst og en fin melodi.

Det er litt trist å tenke på, at dagens barn ikke gjennom skolen får denne felles kulturarven inn "med morsmelken", det er ett tankekors, at kanskje om en generasjon eller to, er det bare de spesielt interesserte, som har kjennskap til det vi i dag oppfatter som alminnelig kjente salmer og melodier.

 

 Gerd Mogensen – som sender stafetten videre til Ingeborg H. Andersen

KALENDER

søndag 28 april
Åmli kyrkje
onsdag 8 mai
ÅPOS

Lenker

Kontaktinfo

Åmli sokn

4865 ÅMLI
Tlf.   90 71 73 40
Mob: 94 16 30 84 (kirkeverge)

amli.kyrkje@amli.kommune.no

LITT AV KVART

Her finn du oss:

Åmli kyrkjelege fellesråd

Gjøvdal kyrkje

Tovdal kyrkje

Åmli kyrkje

http://www.amli.kirken.no/img/./sos-krisetelefon-stor.png

 


 

http://www.amli.kirken.no/img/./VideoFraOven.PNG

Åmli kyrkje frå ein ny vinkel!

Sjå video laga av Svein Mortensen

 


http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/Daapsklubben_TrippTrapp_logo.jpg

http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/IKO-logo.jpg