Åmli sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Elektronisk melding

Vi tek i bruk elektronisk melding til dåp, vigsel og konfirmasjon.
Ved å nytte denne vil du kunne sjå dei sundagane det er dåp og sjølv registrere dei aktuelle opplysningane.  Du vil så bli kontakta av kyrkjekontoret. Ved ønske om vigsel kan du legge inn ønsket dato og kyrkje.
Konfirmasjonspåmelding vil vere tilgjengeleg i annonserte periodar.

Blad nr 1 2007

 

     Nr. 1

 

                    

     Påske  2007

 

 

  

         55. årg.

 


           God påske!

 

Deg være ære,

Herre over dødens makt!

Evig skal døden være

Kristus underlagt.

Lyset fyller haven,

se en engel kom,

åpnet den stengte graven,

Jesu grav er tom.

 

Se, Herren lever!

Salig morgenstund!

Mørkets makter bever.

Trygg er troens grunn.

Jubelropet runger:

Frelseren er her!

Pris ham, alle tunger,

Kristus Herre er!

Omkved:

Deg være ære

Herre over dødens makt!

Evig skal døden være

Kristus underlagt.

Frykt ikke mere!

Evig er han med.

Troens øye ser det:

Han gir liv og fred.

Kristi navn er ære,

seier er hans vei,

evig skal han regjere,

aldri frykter jeg.

 

 

  Edmond L. Budry

 

 

 


FRÅ KYRKJEBAKKEN


 

FASTETID OG PÅSKETID

 

I år blei eg litt teken "på senga" då fastetida kom. Det gjekk så fort frå jul til fastelavnssundagen at eg mest ikkje hadde kome over julestemninga. Men borna i sundagsskulen laga fastelavnsris og kom i kyrkja og rørte oss alle med gleda og songen sin, og fastelavnsria kom også med snø og kuling, så det blei skikkelig krisestemning på Sørlandet. I Åmli hadde vi "Vinterfestival" og ikkje så ille vêr, men vi merka då "ria" her også.

Så var vi midt i fastetida, og eg  kunne drive og tenkje på dei vanlege spørsmåla i kyrkja i denne tida: Kvifor har vi fastetid? Kva er faste?

Til det første må eg seie at det er ein veldig gamal tradisjon i kyrkja å førebu seg i fleire veker til særlege høgtider og festar. Det er ofte slik at spenninga og ventinga på førehand er nesten like viktig som sjølve dagen. Noko å sjå fram til treng vi alle, både små og store. Og endå meir, i kyrkja blir vi ikkje så lett ferdige med dei store hendingane. Ettertida nyttar vi til å hugse og gå djupare inn i det som vi har vore saman om å feire. Vi har fastetida før påske, og så påskesundagane som knyter saman påske og pinse. Eg har prøva å tenkje på det som er viktig i familielivet mitt, og det slår meg at det er på same måten der. Viktige dagar gler ein seg til og førebur lenge, og etterpå har ein vondt for å gløyme dei. Dagane tyder noko særs viktig for meg og mange andre i venekretsen og slekta, og vi lever lenge på dei. Skulle det vere så annleis med dei store dagane i kyrkjefellesskapet? Og til ettertanke: Dersom vi ikkje gjer noko føre og etter dei store dagane i kyrkja vår, kor "store" blir dei for oss då?

 

Så får det ikkje hjelpe at vi slit litt med å finne ut kva faste eigentleg tyder i vår tid. I gamal tid var reglane for kva ein kunne ete så strenge at presten eller klokkaren kunne kome midt i middagstida og sjå om folk åt den rette fastematen. Dersom ein til dømes åt kjøt på fredagen, kunne ein spytte det ut og ikkje ete meir. Dersom ein svelgde kjøtet når øvrigheita kom, måte ein betale bøter eller stå fram som syndar på kyrkjebakken. 

I våre dagar legg vi vekt på at fastetida skal brukast til å hjelpe dei som har lite. I 40 år har kyrkjelydane samla inn pengar på fastebøsser til

"Brød for verden". I år igjen kjem konfirmantane på døra di med fastebøssa. Dei veit ganske mykje om kor mange som treng ei hjelpande hand i mange land i verda. Vi har fått så uendeleg mykje i landet vårt, og det er godt å få ein sjanse til å dele.

Så nyttar vi sjølvsagt fastetida til å snakke om påska. Lenge før Jesus reid inn i Jerusalem på eit esel hadde han førebudd venene sine på kva som skulle skje. Dei tala saman om skremmelege og vonde hendingar som skulle kome, svik, pinsler, kross og død. Disiplane forstod  ikkje så mykje då, men seinare kunne dei tenkje på det Jesus hadde lært dei, og dei kunne gje det vidare til andre: Den mektige historia om Guds Son som steig ned for å tene menneska og gje livet sitt som ein løysepenge for alle. Han gjekk den tunge vegen til krossen, men den tredje dagen stod han opp att. Han er heile verdas frelsar. Vi treng vel tida både før og etter påske for å gjere denne historia levande i våre liv?

                                                                                                         stno


 



Årsmelding for Åmli sokneråd 2006

 

I år 2006 har soknerådet for Åmli og Tovdal hatt 8 møte og handsama  27 saker.  Året 2006 har vore eit greitt arbeidsår med vanlege saker. Høyringsuttalen  om stat/kyrkje var vel den saka som tok mest tid for soknerådet. Elles har vi vore på synfaring til Bjorbekk kyrkje for å sjå på ei eventuell løysing med å dele av kyrkjerommet i Åmli kyrkje.

 

Høyringsuttale stat/ kyrkje. 

 

Av innhaldet i høyringsuttalen kan ein nemne:

Åmli sokn ser det som ein føresetnad at Den norske kyrkja kan vidareførast som ei landsdekkjande folkekyrkje som er til stades over heile landet, med eit tilgjengeleg og  fullverdig tenestetilbod også i spredt bebygde område.

 

Det er også eit mål å bidra til gode rammevilkår for andre trus– og livssynssamfunn i Noreg, og at eventuell urettmessig forskjellshandsaming mellom trussamfunn og mellom medlemer av ulike trussamfunn blir oppheva.

 

Dei kristne og humanistiske prinsipp bør liggje til grunn for overordna trus – og livssynspolitikk

 

Åmli sokn ynskjer ei grunnlovsfesta folkekyrkje.

Åmli sokn ynskjer ei offentleg finansiering der staten har alt ansvar.

Den lokale kyrkja bør behalde  ansvaret for gravferdsforvaltninga.

Kyrkja er soknets eigedom, og bør framleis vere det.

Valordninga bør utgreiast nærare for så å bli gjenstand for revisjon.

 

Synfaring til Bjorbekk kyrkje:

Soknerådet vart positivt overraska over korleis dei hadde avdelt rom under galleriet i Bjorbekk kyrkje til både kjøkken og toalett på den eine sida, og sal til konfirmantundervisning, korøvingar, møteverksemd og liknande i kyrkjeskipet. Eit fulltalig sokneråd vart  imponert over korleis det arkitektoniske glei i kvarandre. Er dette ei løysing for Åmli?

 

Opprusting av orgel i Tovdal kyrkje.

Soknerådet har vedteke å ruste opp orgelet i Tovdal kyrkje for kr.30 000. Opprustinga vert finansiert av Anne Salvesdatter Tveit sitt legat

 

Soknerådet har elles m.a. samtalt om arbeidet i soknerådet, offersøknader, gudstenestereformen, val på bispedømmeråd, uttale om prostetilsetjing, gudstenesteplan for 1. og 2. halvår, valt gudstenesteutval, drøfta brev om kyrkja som offentleg underhaldningshus, samt drøfta hundreårsjubileet i år 2009.

 

Litt om aktiviteten i Tovdal og Åmli kyrkje.

 

Tovdal kyrkje: Etter folketalet i Tovdal har det til tider vore stor kyrkjesøking i år 2006. Ein kan nemne at det 28. mai var 102, 15. oktober 62, og jolaftan 100 personar til stades. Elles har frammøtet vore frå  20 til 34 personar på dei andre gudstenestene. Reknar vi gudstenestene samla , er det god grunn til å glede seg over frammøtet i Vesle, vakre Tovdal kyrkje i år 2006.

 

Åmli kyrkje: Dei vanlege gudstenestene samlar ikkje så mange tilhøyrarar, det varierer frå 20 til 100.          

Dei store høgtidene og konsertane samlar mykje folk. I år 2006 var det  17. mai 340, konfirmasjon 320, jolaftan 250, Hank Williams konsert 420. På denne konserten vart det gitt eit offer til TV–aksjonen. Det kom inn
kr 19766,50.

Kombinasjonen av Sundagsskulens dag med innskriving av konfirmantar og 50–årsjubilantar samla heile 130 i kyrkja. Olsokstemnet var og i år ei fin samling med dåp av ein vaksen afghanar. Det var ei gripande handling. Åmli kyrkjelyd reiste på tur til Fjone, sundag 6. august. Det var ei stor oppleving for alle som var med, både gamal og ung.

 

Kyrkja står på mange måtar sentralt i bygdemiljøet. Vi vonar kyrkja vil bety noko for kvar einskilt innbyggjar i åra som kjem.

Soknerådet vil takke prest, organist  og administrasjon for eit godt arbeidsår i  2006.


                                        Tarjei  Johansen






 

 


UTDRAG FRÅ ÅRSMELDINGA TIL

GJØVDAL SOKNERÅD

 

Statistikken for 2006 fortel oss at det har vore 13 gudstenester, 4 vigslar og 3 gravferder. Det var berre 1 konfirmant og 1 som fekk si 4–årsbok. Vi mottok i 2006 ei stor testamentarisk gåve. Dette har gjort oss i stand til å tinge nytt høgtalaranlegg med teleslyngforsterkar. Resten av pengane står trygt i banken til seinare gode tiltak. I eit lite sokn som Gjøvdal er det lett å miste motet og tenkje at vi har fått lite til. Men trass i at vi har ei stor utfordring i å få fleire til å kome på dei vanlege gudstenestene, har vi hatt mange gilde samlingar.

 

Skjærtorsdag var det mange samla på Vindilhytta til påskeandakt. Det var mykje song, og andakt ved presten. Dette arrangementet som fyrst heldt til ute ved Nesvassdammen, har i meir enn 15 år samla folk om påskebodskapen. Etter at vi somme år mest bles bort, både folk, tonar og ord, er det fint å ha fått fast tilhald hos Astrid. Fjellstemnet i august vart ein nedtur for oss i år. Vêret var ustadig, så vi flytta frå Nesvatn til Kyrkja. Frammøtet var for fyrste gong svært dårleg, men dei få som var der fekk fin song og sterke ord frå Frelsesarmeen i Arendal. Då var det godt at hausttakkefesten i september samla mange. 4H–arane kom i prosesjon med fint pynta korger som dei stilte opp i koret. Under kyrkjekaffien etter gudstenesta vart korgene lodda ut.

 

I oktober samla Hank Williams – konserten heilt full (og litt til) kyrkje. Våre trufaste lokale songarar var med i det store koret. Desse songarane som i samband med jubileet i 2003, begynte å syngje saman under god leiing av Salve organist, har gleda oss mange gonger. Meir countrymusikk vart det i november då Ove Støylen og bandet hans hadde kyrkjekonsert. I desember var det tid for ljosmesse med deltaking av koret og konfirmantane. Dette har vorte ein fin tradisjon vi må take vare på. Jolegudstenesta 1. joledag samla mange. Å høyre det vesle koret vårt syngje Gjøvdals eiga jolesalme (dikt av Arne Smeland, tonesett av Salve Kallevig), gir meg tru og framtidsvon for kyrkja vår og for bygda som er glad i kyrkja, måtte berre fleire finne vegen inn i ho.

                                                                      

                                                   Margit Smeland







 

 


Utdrag av Årsmelding  Åmli Fellesråd 2006


 

Rådets sammensetning og virksomhet.

Åmli fellesråd har i 2006 vært sammensatt slik:

Leder:              Steinar Nordlie (biskopens representant)

Nestleder:         Børuf Ramse

Medlemmer:     Christine Harstveit, Eldbjørg Smeland, Harald Riisland og Sveinung Seljås (kommunens representant)

Sekretær:          Gerd Mogensen

Det har vært 5 møter i Åmli fellesråd i 2006, og det var behandlet 15 saker.

Blant annet ble uttale til "stat–kirke" høringen behandlet i flere møter, og også kirkegårdsreguleringen var tema gjennom året.

 

Statistikk.

Kirkelige handlinger

Åmli sokn

Gjøvdal sokn

 

2006

2005

2006

2005

Hovedgudstjenester

48

49

13

13

Tall på deltakere

3805

3369

416

392

Gudstjenester med nattverd

14

14

3

4

Familie– og barnegudstjenester

11

10

3

3

Dåp

8

17

0

2

Vielser

2

7

4

0

Begravelser

11

18

3

8

Konfirmanter

18

16

1

3

Konserter – musikkandakter

4

2

2

1

Andre kulturarrangementer

6

8

0

0

Utmeldte

0

2

0

0




I tillegg er det andakt på ÅPOS hver 14. dag. (26 tjenester)

Med andre ord har kirkene i Åmli gjennomført 119 kirkelige handlinger/ arrangementer i 2006. Vi kan fortsatt se en gledelig økning i begge sokn på antall deltakere i gudstjenester. I Åmli er økningen på hele 12 %, men også Gjøvdal sokn viser bra økning. I 2005 var økningen i Åmli på 25 % og i Gjøvdal på 15 %.

Det har nå i flere år vært satt fokus på temagudstjenester og folkekirke–gudstjenester i tillegg til vanlige høymesser, og dette ser ut til å ha bidratt til en sterk økning av deltakere i gudstjenestene. Kirken når tydeligvis ut til mange flere med et slikt "blandingskonsept", som er rettet inn mot forskjellige målgrupper.




De enkelte virksomhetsområder.

 

Kirkegårder.

Det ble i 2006 gjennomført en stor kirkegårdsregulering på Åmli kyrkjegard, og samtlige ca 520 graver er i prinsippet klar for gjenbruk, herav 100 som er helt ledige. Det betyr at kapasiteten på kirkegården er rikelig stor i overskuelig fremtid.

Kirkegården ser nå svært pen og ordentlig ut, og ikke minst, det er montert fastmerker på hele reguleringsfeltet, slik at det kan opprettholdes orden i radene.

Omsider er også Gjøvdal kirkegård boltet, og det finnes ikke lenger usikrede gravstøtter i Åmli kommune.

 

Gravstøtter som ikke lenger skal stå på kirkegården, og som fester ikke selv fjerner innen 6 måneder, tilfaller kirkegården (jfr. GL § 18). Eter storopprydding på Åmli kirkegård sendte vi i fjor 20 av de fineste og mest spesielle gravstøtter til slip og vask. Fellesrådet har nå disse for salg.

 

Fellesrådet kjøpte ny gravemaskin i 2006. I forbindelse med regnskapsavslutning ble det, sammen med tidligere års overskudd, penger nok til endelig å skifte ut den gamle gravemaskinen. På sensommeren måtte vi dessverre også bytte ut den store plenklipperen, og fellesrådet måtte dermed bruke mesteparten av sin reserve, men vi har flunkende nye og forhåpentligvis gode maskiner i mange år fremover.

 

Alle 3 kirkegårder er pene og velstelte, og det er plass nok i overskuelig fremtid.

 

Kirker.

Det ble i 2006 ikke gjort noe spesielt i noen av kirkene.

Både Åmli og Tovdal kirker trenger innvendig oppussing. Gjøvdal kirke er pen.

Åmli kommune bevilget kr. 300.000,– til Åmli kyrkje i forbindelse med budsjettbehandlingen for 2007. Pengene skal benyttes til oppussing i forbindelse med 100–årsjubileet i 2009.

 

Åmli kommune utviser velvilje og forståelse for fellesrådets virksomhet, Åmli fellesråd utviser stor oppfinnsomhet i forbindelse med egen inntjening, og vi har derfor en driftsøkonomi som er til å leve med.

 




 



TANKAR VED EIT ÅRSOPPGJER

 

I dette bladet finn du rikeleg med informasjon om kva som skjedde i kyrkjelydane i året som gjekk. Det var ikkje så reint lite, når ein skal sjå det alt i saman. Vi har eit aktivt  gudstenesteliv med stort sett veldig godt oppmøte. Dei siste åra har vi også satsa på fleire samlingar i kyrkja som er ganske ulike den tradisjonelle høgmessa, men som har eit klårt kristent innhald. Det kan vere musikkformer og tekstar som ikkje har blitt nytta så ofte i kyrkja, og så oppdagar ein at dei passar særs godt til å brukast nettopp der. Folk kjem med forventningar til at det er noko som passar for dei, og det ser ut til at mange er godt nøgde.

At kyrkjebesøket stig i år også, trur eg utan tvil kjem av bl.a. Hank Williamsprosjektet. Dette syner også kor viktig det er at fleire i kyrkja får sleppe til og ta ansvar. Country–prosjekta våre har vi først og fremst Salve organist å takke for, sjølv om det er ein heil gjeng med folk som har vore med og gjort ein framifrå innsats! I Åmli er vi velsigna med ei rekkje bygdefolk som likar å bli spurt om å vere med å bidra med noko i kyrkja. Det er songarar og musikarar, men også meir praktiske og omsorgsprega oppgåver som folk seier ja til.

Eg trur til og med det kan vere eit problem at vi som arrangerer, ikkje ser eller spør alle dei som kunne tenkje seg til å gjere ein innsats av eit eller anna slag.

Når det gjeld dei konkrete tala, viser eg til årsmeldingane i bladet her. Det er mykje å glede seg over, og vi håper at året som vi no er inne i, også skal bli eit velsigna år.

                                                                                                                           stno     


 




Basar på Flaten

 

Fredag 15. september hadde Flaten Misjonskvinneforening basar å Flaten Grendehus. Grendehuset var fullsett då Kirsti–Helen opna kvelden. Det var andakt av Arvid Hunemo frå Guds Menighet. Bente Åsheim gledde oss også i år med dyktig felespel.

Netto basar kollekt på foreningsmøte vart i år kr 29300 som er delt slik:

Det Norske Misjonsselskap                                   8100,–

Wilborg Thøgersen                                                8100,–

Guds Menighet på Vegårshei                                 8100,–

Frelsesarmeen, Oslo                                              3000,–

Normisjon                                                             1500,–

Bibelselskapet                                                         500,–

Vi takkar for at mange år etter år kjem på basaren vår og legg ned masse pengar.

                                         
                                                                                  Flaten Misjonskvinneforening (J. W.)







 


13.dagsbasaren

 

Kyrkjebygda Kvinneforening hadde basar på Elvarheim 6. januar.

Frammøtet var godt. Det var som vanleg mange fine gevinstar.

Sokneprest Nordlie tala og var god å høyre på både for unge og eldre.

 Me takkar dei på Esso og på Åmli Klær for godt sal av lodd også i år. Me takkar alle som har teke lodd og på den måten har vore med og støtta misjonen. På basaren kom det inn kr 23277,50.

 

Me hadde kr 31000,– til utdeling:

Det Norske Misjonsselskap                                 12500,–

Norsk kyrkje i utlandet

(Sjømannsmisjonen)                                               5500,–

Normisjon                                                             5500,–

Finnmarksarbeidet                                                 3500,–

Åmli Bedehus                                                        4000,–

 

                                                                             For Kyrkjebygda Kvinneforening  K. G. R.




 

 

 

ÅRSMØTE I ÅMLI KYRKJE SUNDAG 10. JUNI

 

Sundag 10. juni er det kyrkjelydsmøte og årsmøte etter gudstenesta som byrjar kl.11.00. Då skal årsmelding og rekneskap leggast fram. Nytt sjansen til å seie di meining om drifta i kyrkjelyden, og kom gjerne med gode innspel til kva vi skal satse på i åra framover! Eit slikt møte er viktig for at soknerådet skal sjå kva som folk flest i kyrkja er opptatt av. Vi håpar også at det kjem folk frå Tovdal og bygdene kring Åmli. Dette er eit godt høve til å samle dei som soknar til Åmli og Tovdal kyrkje, og til å sveise kyrkjelyden vår betre saman.

 

Vi skal også informere om 100–årsjubileet for Åmli kyrkje i 2009. Det er snart ikkje lengje til! Korleis kan jubileet og jubileumsboka bli til inspirasjon og nytte for oss som soknar til denne kyrkja? Kva forventar folk seg av eit slikt jubileum?

 

Kom og ver med!                                                                  Med helsing soknerådet i Åmli

 







 GRAVSTELL  

Bor du langt unna?  Har du av ulike grunner problemer med å stelle graven (e) i Åmli prestegjeld?

Vi sørger for gravstell til en rimelig pris.

Vi planter i selvvannende kasse, som blir gravd ned i bedet, og vi sørger for å luke.

Vi planter 3 ganger i løpet av sesongen: Stemor innen 17. mai, Knollbegonia rundt St. Hans og lyng på høsten.

 

Hva koster dette:

Første gang betaler du en etableringsavgift på p.t. kr. 750,–, som dekker kassen og etablering av bed.

I tillegg betaler du en årsavgift på p.t. Kr. 750,– som dekker planter, arbeid, luking etc.

Du får automatisk tilsendt en faktura på våren hvert år, inntil du sier opp avtalen.

 

Er du interessert i å benytte dette tilbudet? Ta kontakt med kirkekontoret i Åmli.

Kontortid mandag–tirsdag–onsdag kl. 10.00 – 14.00

 

Vennlig hilsen

Kirkevergen i Åmli

 

Tlf. 371 85 271 – mobil 90 99 48 77

E–post: www.gerd.mogensen@amli.kirken.no









VIL DU VERE MED I KYRKJEKOR DENNE VÅREN?

 

Det er fleire som har spurt om vi ikkje kan prøve å få til eit kyrkjekor. Det har ikkje vore mange nok tidlegare. No vil vi prøve å sjå på dette igjen. I Gjøvdal har vi hatt ei korgruppe sidan jubileet i 2003 som har øvd ein del gonger til spesielle gudstenester. Det har vore særs vellukka. No startar dei opp med øvingar 11. april og så annan kvar onsdag frametter. Vi ønskjer at dette skal vere eit tilbod til alle i Åmli. Møt opp på den første øvinga i

Gjøvdal skule den 11. april kl. 19.00.

Då kan vi diskutere korleis vi skal leggje det opp med øvingar og deltaking på gudstenester. Kjem det mange utanfor Gjøvdal, kan vi sjå om nokre øvingar skal vere i Åmli. Vi tenkjer å setje opp eit felles repertoar, slik at alle kan dei same songane. På dette viset håpar vi at det kan bli eit triveleg  kormiljø, og dersom folk har lyst, kan vi gå vidare til hausten. Øvingsdatoane er: 11. april, 25. april, 9. mai, 23. mai og 6. juni kl.19.00.

 

Med helsing Organisten

 




  BEDEHUSET SKAL RUSTAST OPP!

 

Denne våren skal vi arbeide litt på dugnad i Bedehuset ved Åmli kyrkje. Det trengst måling og ein skal snikre noko også . Har du lyst til å vere med på dugnad, så ta kontakt med Olav Kleivene. Det er gøy å jobbe saman, og det skal ikkje vere meir å gjere enn at vi kan sjå enden på arbeidet denne våren.

Dersom nokon kan tenkje seg til å gje ei gåve til opprustinga, så kan dei setje inn pengar på konto nr. 2821 40 12059.

 

Med helsing Bedehusstyret

 

 

 

            SALMESTAFETTEN

 
 

Navnet Jesus blekner aldri, tæres ei av tidens tann.

Navnet Jesus, det er evig intet det utslette kan.

Det har bud til unge, gamle, skyter stadig friske skudd.

Det har evnen til å favne alle sjeler inn til Gud.

 

Omkved:

Navnet Jesus må jeg elske, det har satt min sjel i brann.

Ved det navnet fant jeg frelse, intet annet frelse kan.

 

Jesu navn! Hvor skjønt det klinger, la det runge over jord.

Intet annet verden bringer håp og trøst som dette ord.

For det navn må hatet vike, for det navn må ondskap fly.

Ved det navn skal rettferds rike skyte friske skudd på ny.

 

Omkved:

 

Midt i nattens mørke blinker som et fyrlys Jesu navn,

og hver hjelpløs seiler vinker inn til frelsens trygge havn.

Og når solen mer ei skinner, Jesu navn, det lyser enn.

Da den frelste skare synger høyt dets pris i himmelen.

 

Omkved:



 


Som elevar i Magnhild Gjøvland si siste skuleklasse på Åmli skule, starta vi alltid dagen med fadervår og ei salme. Ein fin start på skuledagen som ingen tok skade av. Magnhild si favorittsalme, trur eg, må ha vore: "Navnet Jesus blekner aldri". Denne salmen song vi svært ofte, og kvar gong eg høyrer den, må eg tenke på Magnhild og alle dei gode opplevingane vi hadde med henne som klassestyrar.

I denne salmen, som er skriven av David Welander, etter salme 72,17, blir vi minna om kor ideell og evigvarande den kristne bodskapen, som blir vist oss gjennom Jesus, verkeleg er. Denne bodskapen kan gje oss trøyst og von i ukjend farvatn og lose oss trygt fram mellom båar og skjer inn til ei trygg hamn.   

 

Til å ta over stafettpinnen vil eg utfordre Rune Nylund.

 

Med ynskje om ei innhaldsrik påske til dykk alle!

                                                                                                                  Olav Riisland.




 

 

KALENDER

onsdag 24 april
ÅPOS
Åmli kyrkje

Lenker

Kontaktinfo

Åmli sokn

4865 ÅMLI
Tlf.   90 71 73 40
Mob: 94 16 30 84 (kirkeverge)

amli.kyrkje@amli.kommune.no

LITT AV KVART

Her finn du oss:

Åmli kyrkjelege fellesråd

Gjøvdal kyrkje

Tovdal kyrkje

Åmli kyrkje

http://www.amli.kirken.no/img/./sos-krisetelefon-stor.png

 


 

http://www.amli.kirken.no/img/./VideoFraOven.PNG

Åmli kyrkje frå ein ny vinkel!

Sjå video laga av Svein Mortensen

 


http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/Daapsklubben_TrippTrapp_logo.jpg

http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/IKO-logo.jpg