Vesle vakre Tovdal kyrkje

Idyllisk til, på Hillestad, vis a vis Hillestad Galleri i Tovdal, ligg Tovdal kyrkje, ei av dei minste i landet.
Den vesle raudmåla kyrkja vart landskjend i 1964 då ho etter ein hard bygdestrid vart måla kvit, slik ho er i dag.

Kyrkjer - Tovdal kyrkje

Det er ei høgreist lita kyrkje, bygd som langkyrkje av lafta tømmer i 1820 og har omlag 130 sitteplassar.
Ho kan minne om ei stavkyrkje, og liknar truleg den gamle, endå mindre kyrkja som då vart rive.
Tovdal kyrkje vart vigsla 4.mars 1827 av prost Gyldenpalm i Holt.
Det er gudstjeneste i Tovdal kyrkje ca. 6 ganger i året.



Kyrkjer - Tovdal kyrkje fra kyrkjegarden

Tovdal kyrkje innvendig - Alter midtgang frå inngang

Tovdal kyrkje innvendig - Altertavle

Alterparti med skriftestol. Tovdal kyrkje var enkelt utstyrt, og alteret var pryda med ein kross måla 1848 av Kittel Kittelsen Sørum frå Tinn i Telemark. Dette vart restaurert 1932, og krossen kom på plass att, etter at eit anna alterbilete hadde hatt denne plassen i fleire år. (Biletet under)



Tovdal kyrkje innvendig - maleri på veggen

Alterbilete frå altertavla. "Oppstoda" måla av Rasmus Strømme, innvigd i 1929.
Biletet er ein kopi av Adolph Tidemans alterbilete i Mandal kyrkje.
Dette alterbiletet heng no på veggen i koret.



Tovdal kyrkje innvendig - Døpefont

Døypefat og font er frå 1600-talet.



Tovdal kyrkje innvendig - Lysekrone

Ljosekrona



Tovdal kyrkje innvendig - prekestolen

Preikestolen



Tovdal kyrkje innvendig - Tovdal kirkegård

Tovdal kyrkjegard

*********




Ei raudmåla Tovdal kyrkje

Kyrkjer - Tovdal kyrkje rød

Tovdal kyrkje var etter ho vart bygd truleg sett inn med ljos tjøre, men dette var ikkje "malning". I 1837 har dei så hatt raudfarge -erde- i tjøra. Riksantikvaren hevda etter undersøking i 1932 at kyrkja opphaveleg var måla med engelsraud farge. Kyrkja har då vekselsvis vore raud og kvit, men vart i 1964 måla kvit slik ho er i dag.
Kjelde: "Vesle vakre Tovdal kyrkje" av Kåre Rudjord
Foto: Finn Krafft, Riksantikvaren