Åmli kyrkje


Kyrkjer - Åmli kyrkje

Åmli kyrkje kneiser stolt oppe i lia over Åmli sentrum. Kyrkja sto ferdig i 1909. Det er ca 450 sitteplasser i Åmli kyrkje. Det avholdes ca. 40 gudstjenester i året.


Litt meire om Åmli kyrkje...
Åmli kyrkje er ei langkyrkje, bygd i nygotisk stil. Ho er 85 fot høg frå mark til tårnspiss, og ruver 205 m.o.h.
Den er bygd på den gamle grunnmuren i 1907-1909 av byggmeister Tellef Mosbergplassen, og kosta kr. 3 500,- å føre opp. Det er ca 360 sitteplassar nede i kyrkja, og 90 på galleriet.
Åmli kyrkje vart vigsla 18.november 1909 av Biskop Scheldrup.
Grunnmuren vart støypt i 1884. I grunnmuren bak alteret ligg det eit blyskrin med ei kort utgreiing om kyrkjebygget, avskrift av heile presterekka frå år 1435, nokre myntar og nokre numre av religiøse tidsskrift og blad.
Den gamle kyrkja vart bygd i 1885, og sto i "21 år, 3 månadar og 8 dagar" før den brann ned til grunnen under gudsteneste palmesundag 24.mars 1907. Heilage kar, altertavla, døypefonten, alterstakane og sakristi-inventar vart berga frå brannen.



Åmli kyrkje 3 

Åmli kyrkje 4


Åmli kyrkjegard
Åmli kyrkjegard  - Kurkjegarden i Åmli

Åmli kyrkjegard  - Åmli kyrkjegard

Åmli kyrkjegard  - Åmli kyrkjegard