Åmli sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Elektronisk melding

Vi tek i bruk elektronisk melding til dåp, vigsel og konfirmasjon.
Ved å nytte denne vil du kunne sjå dei sundagane det er dåp og sjølv registrere dei aktuelle opplysningane.  Du vil så bli kontakta av kyrkjekontoret. Ved ønske om vigsel kan du legge inn ønsket dato og kyrkje.
Konfirmasjonspåmelding vil vere tilgjengeleg i annonserte periodar.

Nyheter

Ny sokneprest i Åmli

Jens Linde 2Agder og Telemark bispedømmeråd gjorde følgende tilsetting i sitt møte den 25. september 2018:

Jens Linde ble tilsatt som sokneprest i Aust-Nedenes prosti med Åmli sokn og Gjøvdal sokn som tjenestested. Han har takket ja til stillingen.

Jens begynner i stillingen i begynnelsen av januar 2019.
Vi ønsker han hjertelig velkommen!

Hvem er så Jens?

Kven er Jens Linde, den nye soknepresten?

Ein bondeson frå Ikast midt på Jylland i Danmark, født 11. juni 1962, med 3 eldre sysken, fekk allereie som tenåring kallet frå Gud til å verta prest. Men nokon gonger går vegen ikkje direkte til målet, men via viktige omvegar. 

Det vart slik at eg på 1980-tallet tok fagbrev som bilmekaniker heime i Ikast hjå Opel. Nokre år som eg ser attende på med glede og som har betydd mykje seinare i livet.

Som 25-åring i 1987 vart utreisetrongen stor. Eg hadde i ‘81/’82 teke Bibel-og sekretærlinja på Bibelskulen i Staffeldtsgate i Oslo og fekk lyst å dra attende til Noreg. Det vart jobb på eit lager i Oslo, men hausten 1988 vart eg kalla til å verta bysekretær i Sandnes Indremisjon i det dåverande Indremisjonsselskapet. I denne tenesta sto eg m.a. i breshen får å starte opp ein nattkafè for ungdom som på sitt høgaste samla 200-300 ungdomar kvar laurdagskveld/natt.

Men kallet til å verta prest låg der framleis og i 1995 tok eg som 33-åring til som student ved Misjonshøgskulen i Stavanger.

Etter fullendt studie var eg ein snartur innom NMS i Bergen som områdeleiar innan eg tok til som sokneprest i Gulen på sør-vestsida av Sognefjorden i 2003. I 2012 fekk eg stillingen som sokneprest i Høyland sokn i Sandnes, men i 2015 dro eg attende til Gulen då opphevinga av buplikten for prestar gav m.a. meg som einsleg store økonomiske utfordringar som eg ikkje ynskte å ta. Samstundes vart eg spurt om ikkje eg kunne tenkje meg å kome attende til Gulen ein stund.

No ser eg med glede og forventning fram til å ta til som sokneprest i Åmli kommune ved årsskiftet. Mitt fyrste møte med staben i september berre økte gleda og forventninga, me fant tonen med ein gong. 

Innflytting i nyrenovert prestebustad i skogkanten med kyrne gåande rett utforbi er berre eit stort pluss for ein bondeson. Eg gjer meg allereie ein del tankar om kva prestebustaden og hagen kan brukast til også i tenestesamanheng.

Den fyrste plassen eg var innom på Åmli var konditoriet der det var samlet ein del folk. Eg tenkte at her kjem eg til å bruke mykje tid for å treffe bygdefolket og så er eg jo særs glad i kaffi med noko attått!

Mitt ynskje er å vere tilgjengeleg og vil arbeide for at ein skal få opplevinga av at det ikkje er farleg å snakke med presten om livets mange utfordrande spørsmål og om heilt kvardagslege ting. Eg har i alle år som prest lagt vinn på delta på ulike arrangement i bygda, både av omsyn til det sosiale livet og for at folk skal sjå presten sin.

Å forkynne Kristus som einaste veg til frelse og nytt liv står sentralt i tenesta mi. Eg er glad i å forkynne. Min visjon er at menneske skal få møte den oppstadne Kristus og erfare hans nåde og barmhjertighet. Eg ynskjer at alle skal få oppleve at Kristus tek imot oss uansett korleis livet har utvikla seg. I Guds hus og det kristne felleskap kan vi saman forta ein vandring mot Kristus som til slutt vil føre alle dei som trur på Han til Guds fullkomne rike i himmelen.

Også på Åmli vil vi vere ulike båtlag som har same kurs. Alle har kvar sin eigenart. Men eg ynskjer eit samarbeide der det er naturleg til gjensidig glede.

Gler meg til å bli kjent med dykk! 

Publisert av: Liv Eikås-Homme den 04-10-2018
KALENDER

onsdag 24 april
ÅPOS
Åmli kyrkje

Lenker

Kontaktinfo

Åmli sokn

4865 ÅMLI
Tlf.   90 71 73 40
Mob: 94 16 30 84 (kirkeverge)

amli.kyrkje@amli.kommune.no

LITT AV KVART

Her finn du oss:

Åmli kyrkjelege fellesråd

Gjøvdal kyrkje

Tovdal kyrkje

Åmli kyrkje

http://www.amli.kirken.no/img/./sos-krisetelefon-stor.png

 


 

http://www.amli.kirken.no/img/./VideoFraOven.PNG

Åmli kyrkje frå ein ny vinkel!

Sjå video laga av Svein Mortensen

 


http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/Daapsklubben_TrippTrapp_logo.jpg

http://www.amli.kirken.no/img/11_07_14_Grafiske_element/IKO-logo.jpg